Eg vil til fjells, til lette luft........

Bjørnevatn har mange fine moglegheiter for friluftsinteresserte. Her kan den vakre naturen nytast i fred og ro. 

Sommaren på Bjørnevatn byr på mange fine naturopplevingar både i skog og på høyfjell. I tillegg til å nyte det rike plantelivet, vil du kunne møte på elg, hjort, rådyr, reinsdyr, bever, hare, rev, rype, tiur og mykje anna. . Forslag til fine varndreturar i området kan du finne på www.ut.no

Kart er henta frå Turistforeningens side ut.no

Hausten målar Setesdalsheiane i nydelege fargar og er gåvmild for dei som veit å sette pris på han. Molter, blåbær, tyttebær og sopp er noko av det naturen serverer deg. For dei som interesserer seg i jakt, disponerer grunneigarar flotte jaktområde med blant anna villrein og ryper. Interesserte bør kontakte grunneigar tidlig på året sidan det er stor interesse for dette. 

Om vinteren vert det køyrt opp det opp fleire skiløyper på Bjørnevatn. Den som ligg nærmast Strandli går opp til Ugledalen. På skisporet.no kan ein  halde seg oppdatert på løypene og når dei sist vart preparerte.

For dei som likar å stå på alpinski/ snøbrett, har vi tre alpinanlegg i området: 

Køyretid frå Bjørnevatn:

  • Hallbjønnsekken: 14 minutt

  • Brokke: 33 minutt

  • Hovden: 55 minutt

Andre infosider om Valle og Bjørnevatn

© 2016 (Bilder på denne siden tilhører Hege T. Rygnestad)

Hjemmeside laget av Hege T. Rygnestad

www.hegerygnestad.com

Kontaktinfo

Adelheid Rygnestad

adelheid@rygnestad.net

Tlf: 91149162