Lad opp kropp og sjel på Bjørnevatn

Viss du tenkjer på å byggje hytte, så er Strandli hyttefelt eit godt val! I den slake lia sør-aust for Store Bjørnevatn er det ledige tomter som ligg spreidd og godt naturleg plasserte i terrenget. Frå dei øvste tomtene i feltet og ned til vakre Bjørnevatn, er det berre ein kort spasertur på nokre minutt. Sommarstid kan ein køyre inn i hyttefeltet, medan ein om vinteren kan parkerte på parkeringsplass ute ved riksveg 45

 

Det vert køyrt opp fleire skiløyper i området rundt Bjørnevatn. Skiløypa til Ugledalen ligg rett ved hyttefeltet. På andre sida av Store Bjørnevatn ligg skiløypa inn til Linjedalen og ei anna litt lenger sør ved Bakkebu.  For dei som likar å stå på snøbrett eller alpinski, ligg Hallbjønnsekken alpinanlegg ca. femten minutt austover mot Dalen og Brokke Alpinsenter ca. tjue minutt sør for Valle.

I sommarhalvåret byr fjellet, med sin rike og varierte natur, på flotte opplevingar både over og under tregrensa. Elles kan Valle by på andre sommaraktivitetar som t.d. Via Ferrata og fjellklatring.

© 2016 (Bilder på denne siden tilhører Hege T. Rygnestad)

Hjemmeside laget av Hege T. Rygnestad

www.hegerygnestad.com

Kontaktinfo

Adelheid Rygnestad

adelheid@rygnestad.net

Tlf: 91149162